HeimNyheterKommunedelplan for trafikksikring for Austrheim kommune 2022-2030 - Offentleg ettersyn

Kommunedelplan for trafikksikring for Austrheim kommune 2022-2030 - Offentleg ettersyn

Formannskapet i Austrheim kommune vedtok den 21.10.2021 i sak 101/21 følgjande:

Kommunedelplan for trafikksikring for Austrheim kommune 2022-2030 kan leggast ut på offentleg ettersyn.

Høyringsfrist vert 6 veker. Grunngjevinga for vedtaket er gjeve i saksutgreiinga.

Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 11-14.

Kommunedelplanen vil danna grunnlaget for vidareføring av trafikktryggleiksarbeidet i Austrheim kommune.

Sjå dokumenta her:

Kommunedelplan for trafikksikring for Austrheim kommune 2022-2030 - Offentleg ettersyn - klikk på lenka

Kommunedelplan for Trafikksikring Austrheim 2022-2030 - Plandokument - klikk på lenka

Frist for å komme med merknad er sett til den 28.12. 2021. Adresse er: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 03.11.2021
Publisert: 03.11.2021