HeimNyheterKommunedelplan for Naturmangfald i Austrheim kommune - Oppstart av planarbeid

Kommunedelplan for Naturmangfald i Austrheim kommune - Oppstart av planarbeid

Målet med kommunedelplanen er å få ei samla oversikt og ei heilskapleg framstilling av naturmangfaldet i kommunen. Det vil og kunne føra til auka interesse for folk flest for naturen vår og for dei ulike artane me kan finna i kommunen. Ein slik kommunedelplan vil kommunen bruka som eit verktøy for å få ein så god arealforvalting som mogeleg framover.

Også for bønder og grunneigarar som ynskjer å ta vare på kystlyngheia og naturbeiteområda/ kulturlandskapa sine vil dette vera ein nyttig kunnskap. Dette planarbeidet kan og verta eit viktig verktøy i arbeidet med å forvalta sjøareala på ein god og berekraftig måte framover.

Me vil i dette arbeidet få meir kunnskap om dei marine naturtypane i kommunen.

Du kan lesa om planforslaget i Servicekontoret på kommunehuset, eller her på Austrheim kommune si heimeside, der sakspapira er tilgjengelege (klikk på lenka):

Formannskapssak 032/22 - Kommunedelplan for naturmangfald i Austrheim kommune - Oppstart av planarbeid

Innspel til dette planarbeidet må sendast til Austrheim kommune innan 10. mai 2022.

Adresse er: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 06.04.2022
Publisert: 06.04.2022