HeimNyheterKommunedelplan for Klima og energi for Austrheim kommune 2022-2032 - Offentleg ettersyn

Kommunedelplan for Klima og energi for Austrheim kommune 2022-2032 - Offentleg ettersyn

Denne planen skal vera eit verktøy for at Austrheim kommune skal nå internasjonale, nasjonale, regionale og lokale klimamål. For å nå 1,5- gradersmålet må utsleppa reduserast med omtrent 50% innan 2030 og videre mot 100% i 2050.

Klimatilpassing er og eit viktig tema i dette arbeidet. Kommunedelplanen for klima og energi vil leggja grunnlaget for målretta gjennomføring og val av tiltak, investeringar og prosjekt i kommunen. Planforslaget er datert den 07.03.2022.

Du kan lesa om planforslaget i Servicekontoret på kommunehuset, eller her på Austrheim kommune si heimeside, der sakspapira er tilgjengelege (klikk på lenka):

Formannskapssak 031/22 - Kommunedelplan for klima- og energi for Austrheim kommune 2022-2032

Merknadar til planforslaget må sendast til Austrheim kommune innan 10. mai 2022.

Adresse er: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 06.04.2022
Publisert: 06.04.2022