Kommunedelplan for klima og energi - vedteken i kommunestyret

Kommunedelplanen med handlingsprogram skal vera eit viktig verktøy for at Austrheim kommune skal nå nasjonale og lokale klimamål.

Kommunestyret har som klimamål at Austrheim kommune i 2030 skal vera utleppsfri, og i år 2050 ein 1,5- graderskommune. Austrheim kommune skal vera ambisiøs i si satsing framover på alternative energikjelder som fjordvarme, varmepumper og solenergi.

Det gjeld og satsing på gang- og sykkelvegar og tiltak innanfor friluftsliv, idrett og kultur som fremjar folkehelsa og minkar klimautsleppa i kommunen.

Du kan lesa meir om handsaminga i kommunestyret her på heimesida, klikk her for å komma til sakspapira: 

Klikk på denne linja for å lesa Kommunedelplan for klima og energi for Austrheim kommune 2022-2032 (PDF-dokument) 


Sist oppdatert: 10.11.2022
Publisert: 10.11.2022