HeimNyheterKom innom på Mulighetsdagen

Kom innom på Mulighetsdagen

 

Mulighetsdagen

Frå klokka 12.00 i dag var ei rekkje bedrifter, skular og andre på plass i og ved Mastrevik Torg, for å visa fram alt det spennande Austrheim kan tilby av arbeidsliv, bumiljø, utdanning og organisasjonsliv, med meir.

Programmet er slik:
12.00 til 14.30: Messe for ungdom/skuleelevar i kommunane rundt Fensfjorden.
14.30 til 15.30 Mat og mingling for deltakarar på stands, og vil bl.a. inkludere visning av ny film for Fensfjorden.
15.30 til 18.00: Messe for alle andre interesserte, arbeidssøkarar inkludert.

Som del av dette vert det klokka 17.00 paneldebatt på Mastrevik torg, med diskusjon om stoda i Austrheim i dag og muligheiter framover.

Med i panelet er:

Per Lerøy - ordførar i Austrheim kommune
Tanja Knabenschuh Hoel - næringssjef i Alver kommune
Frode Hervik - rektor ved Austrheim vidaregåande skule
Inger Lise Brekke - avdelingsleiar ved NAV Lindås
Linn Dyveke Wilberg - Beat technology
Ein elev frå Austrheim vidaregåande skule

Arrangementet er ope for alle!

Mulighetsdagen


Sist oppdatert: 19.09.2019
Publisert: 19.09.2019