HjemNyheterKokevarselet gjeld framleis

Kokevarselet gjeld framleis

Etter at det var eit større vassleidningsbrot fredag 23. juni vart det gjeve kokevarsel for vatnet fram til fredag 30. juni. Dette gjeld framleis.
Publisert: 26.06.2023
Sist endra: 26.06.2023

Fredag 23. juni rauk vassleidningen på Kaland slik at vassforsyninga vart stoppa til heile kommunen. Laurdag 24. juni vart det skifta ein stengeventil på hovudvassleidningen, eit arbeid som måtte gjerast i framhald av lekkasjen fredag.

I etterkant av eit større vassleidningsbrot som dette er det fare for at avleiringar inne i røyra losnar, og når trykket kjem tilbake vert dette spylt utover og kan enda hjå dei som er tilkopla det kommunale vassnettet. I tillegg kan skit komma inn i nettet frå der det har vore brot på vassleidningen.

Det vart på grunn av dette innført kokevarsel fram til 30. juni, for å sikra at ingen av dei som brukar det kommunale drikkevatnet vert sjuke. 

Kommunen er klar over at dette medfører mykje ekstraarbeid som dei som er knytt til vassverket, men kan ikkje oppheva kokevarselet før ein er sikker på kvaliteten, ved hjelp av vassprøvar og annan kontroll.

Kor lenge skal vatnet koka?

Folkehelseinstituttet har gode råd om korleis eit kokevarsel skal handterast. Koking tar knekken på mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar.

Vatnet må fosskoka. Ein vasskokar vil normalt ta vatnet opp til fosskoking før den slår seg av, og det er tilstrekkeleg. Ved bruk av mikrobølgeomn må du sjekka at vatnet fosskokar før du tar det i bruk.

Etter at vatnet har fosskokt, skal vatnet kjølast ned naturleg. Ikkje bruk isbitar til å kjøla ned vatnet, for då kan du risikera å forureina vatnet på nytt.

Dersom vatnet er grumsete/du ser at det er partiklar i det, må det filtrerast før koking. Du kan til dømes filtrera gjennom eit kaffifilter. 

Til kva bruk må du koka vatnet?

Generelt er det slik at alt vatn som skal inn i kroppen skal kokast først, som lista opp her:

  • Alt vatn du skal drikka.
  • Alt vatn som skal brukast til matlaging, med mindre maten skal kokast eller varmebehandlast på annan måte med over 100 °C.
  • Alt vatn som skal brukast i ulike former for drikke, også kaffi. Ein vanleg kaffitraktar kokar ikkje vatnet, så den oppvarminga er ikkje tilstrekkeleg. Enkelte kaffimaskiner kan varma til over 100 °C, dette må du eventuelt sjekka med produsenten av kaffimaskina.
  • Isbitar
  • Til skyljing av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast.
  • Tannpuss.

Når kan du bruka vatn som ikkje er kokt?

Til desse typar bruk kan du ta vatn rett frå springen sjølv når det er kokevarsel:

  • Koking av mat.
  • Handvask, som skal gjerast på denne måten: Vask hendene med såpe, skyl og tørk.
  • Dusj/karbad, du kan dusja og ta deg eit karbad som vanleg, men har du eit svakt immunforsvar i kombinasjon med opne sår, er det tilrådd å ta ein kjapp dusj og tørka deg godt etterpå.
  • Pass på å ikkje få vatn i munnen. Ha særleg kontroll med små barn.

Oppvask og oppvaskmaskin

Manuell oppvask og oppvaskmaskin krev eigne førehandsreglar.

Ved oppvask for hand må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn og tørkast godt. Oppvaskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg.

For å oppnå god desinfeksjonseffekt i ei oppvaskmaskin i private hushandlingar må programmet ha ein temperatur på minst 65 ºC, og eit program på minst 1 time.

La oppvasken lufttørka.

Klevask og reinhald

Ukokt vatn kan brukast til klevask og reinhald i huset.

Om du skal vatna i hagen, pass på at ikkje barn leikar i spreiaren. Barnebassenget må du la stå tomt i periodar med kokevarsel.