Kartlegg fritida til barnefamiliar
Undersøkinga vil gi ny kunnskap om heile fritidslivet til barn og unge i heile Vestland.
Resultatet gir kunnskap som kan legge til rette for betre tilbod, og blir viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.
Undersøkinga sendt ut med e-post
Invitasjonane til å delta i undersøkinga blir sendt ut med e-post til alle med folkeregistrert adresse i Austrheim, og samstundes også i resten av Vestland som har barn i alderen 3 til og med 17 år.
Dei føresette blir spurde om barn og unge si fritid, si eiga rolle, og om medievanar dei har. Spørjeskjemaet vil ta om lag 15 minutt å svare på.
Kvifor er undersøkinga viktig?
Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett og friluftsliv.
Undersøkinga er relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.
Barnefamiliepanelet
Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet gått i tre omgangar sidan 2019. I år er undersøkinga for første gang utvida til å dekke alle kommunane i Vestland fylke.
Vil du vite meir om undersøkinga og barnefamiliepanelet sjå vlfk.no/barnefamilie (ekstern lenke)