Kan du vera med som bøsseberar under TV-aksjonen?
Årets TV-aksjon, søndag 20. oktober, går til Barnekreftforeningen - Sammen for små helter.
Publisert:
05.09.2024
Sist endra:
05.09.2024
Inntektene frå NRK TV-aksjonen 2024 går til Barnekreftforeningens arbeid med å etablera familiehus, som skal brukast av born med alvorleg sjukdom og deira familiar.
Pengane skal brukast til etablering av slike familiehus i fire byar, tilknytt universitetssjukehusa i desse byane, som er Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.
Målet er at 100 000 bøsseberarar skal besøka heimar i heile Norge i løpet av innsamlingsdagen søndag 20. oktober. Her i Austrheim trengst rundt 100 bøsseberarar/ sjåførar for å avvikla aksjonen. Kan du bidra? Meld deg til Rigmor Ludvigsen på tlf. 456 35 324 eller rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no