HjemNyheterKan du hjelpa til med avviklinga av valet?

Kan du hjelpa til med avviklinga av valet?

Røystestyra er dei valmedarbeidarane som organiserer og styrer røystemottak i dei to vallokala våre, Kaland skule og Austrheimhallen, på valdagen.

Dette inneber alt frå å hjelpa veljarane med å finna fram i lokalet, etterfylla røystesetlar i avlukka, slå opp i det elektroniske manntalet, sjekka legitimasjon, stempla røystesetlar, og når vallokalet er stengt telja opp røystene før dei skal leverast til kommunehuset der me gjennomfører ei elektronisk teljing (skanning).

Det er ein person som har ansvaret som leiar av røystestyret, utanom dette er oppgåvene fordelte slik at ein får gjera ulike ting, men samstundes slik at det er dedikerte personar som til dømes har ansvar for datamaskiner og liknande. 

Heldigvis er det mange flinke folk som er med vidare frå tidlegare val, men kommunen treng å rekruttera fleire. Ei god og korrekt avvikling av val er den viktigaste jobben me gjer, og me håpar at fleire vil vera med på denne.

Opplæring blir gitt

Det blir gitt opplæring i forkant av valdagen, slik at alle som er med i røystestyra skal kjenna seg trygge på kva jobben deira er. Det blir også betalt godtgjering for innsatsen, men som mykje anna kommunal betaling er den ikkje så kolossal at det bør vera einaste motivasjon.

Godtgjeringa er lik kommunestyremedlemmene, som i 2023 får 1200 kroner per møte. Medlemmer i røystestyret får dermed 1200 kroner for kurskvelden, og 1200 kroner for valdagen. Leiar i røystestyret får dobbel godtgjering valdagen.

Slik melder du deg

For å melda deg til innsats sender du ein e-post til post@austrheim.kommune.no med:

  • Namn
  • Adresse
  • Mobiltelefon
  • Fødselsdato
  • E-postadresse

Krav til medlemmer i røystestyret

  1. Du må ha røysterett for å vera med i røystestyret, det inneber at du må vera 18 år gammal, eller fylla 18 år i løpet av valåret. Dette kjem av Kommunelova § 7-2, andre ledd bokstav a.
  2. Du må vera folkeregistrert i vår kommune på tidspunktet for valet. Dette kjem av Kommunelova § 7-2, andre ledd bokstav b. 
  3. Du kan ikkje stå på liste for eitt av partia som stiller liste til kommune-/fylkestingsvalet, dette kjem av Vallova § 9-3, underpunkt 4, og valforskrifta § 25a.

Sist oppdatert: 06.01.2023
Publisert: 06.01.2023