HjemNyheterOppdatert sak: Kan bli tørre kranar måndag 9. januar

Oppdatert sak: Kan bli tørre kranar måndag 9. januar

Kommunen er i gang med ein ny avlaupsstasjon i Åråsvågen, og dette arbeidet påverkar også hovudvassleidningen, som er på kryssande trasé.

Meldinga klokka 14.35 er at vatnet no er stengt av frå Åråsvågen og vestover i kommunen. Det betyr ikkje at det blir tørt umiddelbart, sidan det står noko vatn i leidningsnettet, men det vil bli tørt etter kvart.

Vatnet vil sannsynlegvis vera tilbake etter kring to timar, rundt klokka 16.30. Det kan vera noko misfarging på vatnet etter ein slik stans, det viktige er at du tappar kaldt vatn til misfarginga er vekke. Om du tappar varmt vatn vil du dra det skitne vatnet inn i varmvasstanken, og det vil du ikkje.

Det kan bli tørre kranar i heile dette området: 

Kart som viser kvar vatnet kan bli stengt


Sist oppdatert: 09.01.2023
Publisert: 06.01.2023