HjemNyheterJuni-sjekken viser at badevatnet er trygt

Juni-sjekken viser at badevatnet er trygt

Det er kanskje litt kaldt, men badevatnet er i alle fall reint.
Publisert: 19.06.2023
Sist endra: 19.06.2023

Kjenner du for å kjøla deg ned i sommarvarmen, så kan du gle deg over at Miljøretta helsevern har tatt nye prøvar av badevatnet i regionen, og badeplassane i Austrheim får alle beste karakter.

Prøvane vart tatt 13. juni, og i vår kommune vart det tatt opp vatn frå badeplassane Årvika på Fonnes, Mastrevikane ved slippen og Mastrevikane ved båthamna, Øksnes, Finnsvågen/Austrheimvågen, og Solesjøen.

43 badeplassar i Nordhordland og Gulen vart undersøkte i denne runden, og alle fekk beste karakter.

Analyseresultata er vurderte etter EU sitt direktiv for badevatn, og det er undersøkt for E.coli og intestinale enterokokkar (tarmbakteriar).

Det er ingen av badeplassane som er sjekka i Austrheim som ligg i ferskvatn. Om du skal hoppa ut i eit ferskvatn må du sjekka at det ikkje er algevekst, for om du badar i vatn med oppblomstring av blågrønalgar kan det føra til hudirritasjon og forgifting. Er det oppblomstring av blågrønalgar skal du også halda hunden din ute av vatnet. I denne runden med vassprøvar er det stadfesta noko algevekst i Bøtjørna på Bø (Radøy), og Nesvatnet på Manger (Radøy). 

Miljøretta helsevern er ei avdeling i Alver kommune, som tar denne typen prøvar også i dei andre kommunane.