Julegåveaksjonen i Austrheim
Vil du gje ei gåve?
Vil du bidra til at barn i familiar med økonomiske utfordringar får ei fin jul? Legg gåver under juletreet på anten:
- Innbyggjarservice på kommunehuset
- Seniorsenteret
Bidrag på Vipps? Bruk nummer 136748, merk med «Jul».
Frist for å gje er 14. desember.
Vil du få ei gåve?
Slit du med å få endane til å møtast? Bur du i Austrheim kommune?
Då er du hjarteleg velkomen til å melda deg som mottakar av gåve til barn mellom 0-18 år og/eller matkasse med julemat.
Du treng ikkje ha barn for å få matkasse, men barnefamiliar vil bli prioriterte.
Påmelding på skjema, klikk på denne lenka til Microsoft Forms:
Frist for påmelding er tysdag 12. desember.
Spørsmål? Send e-post til leiar for Frivilligsentralen Rigmor Ludvigsen: rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no.
Vi ønskjer alle ei fin jul!
Årås Sanitetsforening
Austrheim Frivilligsentral
Austrheim kommune