Juleavslutning med nissegraut og juleverkstad
Dette er vi er svært takksame for. Tusen takk Anita! Sjå tekst og bilete frå dei tre blokkene på skulen.
1. - 4. trinn
Korona har sett sitt preg på skuleåret, med mange restriksjonar. Kom og syng måtte me avlyse i haust. Desember blei annleis i blokka vår. Kva med fester og juleverkstad, ville me få dette til?
Gleda var stor då Anita tok kontakt og ville sponse oss med utstyr og graut til juleverkstaden. Ho stilte opp og laga graut til alle klassane på skulen. Både elevar og vaksne på skulen er takksame for den jobben Anita har gjort for oss.
Nissefest for første og andre klasse vart arrangert ute, med nisse frå 9. klasse.
Håpar me har klart å ivareta juletradisjonar i denne koronatida.
5. -7. trinn
Me vil takka så mykje for utstyr og graut til juleverkstad
Me på Årås skule opplevde julaftan på forskot då me fekk melding om penge- og matgåve til elevane på skulen. På mellomtrinnet kunne me då planleggja ein heil dag med juleverkstad onsdag 9. desember. Ein dag med peparkakebaking og produksjon av diverse julepynt. I lunsjen kom Anita og Henrik med julegraut til oss alle. Julemusikk, kreativitet, samarbeid og glede prega blokka denne dagen.
Me er særleg glade for denne gåva i år, fordi me ikkje kunne gjennomføra juleverkstad slik tradisjonen har vore på Årås. Vanlegvis har me god hjelp frå foreldre, og me plar blanda klassane på juleverkstad.
Hjarteleg takk frå store og små i C-blokka.
8.-10. trinn
Tusen takk til Anita for materiell og graut til juleverkstad. Dette bidrog til god stemning og førjulskos. Elevane og dei vaksne sette veldig stor pris på dette.
Frå alle på Årås skule - Riktig god jul!