Jordvernprisen til Austrheim og Alver
Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad stod for prisutdelinga på Frekhaug.
Den nasjonale jordvernprisen er eit tiltak for å styrka jordvernet. Jordvernprisen skal bidra til å gjeva auka merksemd om jordvernet, og få fram gode idear og eksempler på tiltak, planar og strategiar for å ta vare på dyrka mark. Det er Landbruks- og matdepartementet som kvart 2. år deler ut den nasjonale jordvernprisen.
Ordførar Per Lerøy var saman med to frå administrasjonen i Austrheim kommune med på prisutdelinga.
Tre gardbrukarar frå regionen og tilsette frå Alver kommune, felles landbrukskontor, Region Nordhordland, NLV, Statsforvaltaren i Vestland og Landbruks- og matdepartementet deltok også.
Prosjektet som har gjeve prisen heiter "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda"
Store utbyggingsprosjekt til næring og bustadbygging i regionen gjev store overskot av jord- og steinmassar. Ein del av desse massane er verdifulle ikkje-fornybare massar som det er felles interesse av å ta vare på. Målet til prosjektet i Nordhordland har vore å bidra til at massar frå utbygging vert nytta som ressurs for matproduksjon/landbruk og samfunn på ein måte som førebygg konfliktar med innbyggjarar og miljøet. I løpet av prosjektperioden har det vore ulike tiltak og aktivitetar:
- Laga rettleiar til bruk innan offentleg forvalting
- Arrangert kurs og seminar for bønder, entreprenørar og rådgjevarar
- Laga film- og informasjonsmateriell
- Hatt føredrag og informasjonsarbeid
Lær meir om prosjektet på nettsida til Regionrådet, klikk på denne lenka: