Jobbar for vanleg drift i Kystbarnehagen

Målet er at Kystbarnehagen skal ha normal drift etter den varsla perioden med stengt avdeling.

Kommunen jobbar kontinuerleg med tiltak som skal bidra til at ein ikkje kjem i ein situasjon med kritisk låg bemanning i barnehagane våre vidare, etter denne perioden. Det vil seia at kommunen jobbar med å knyta til oss fleire kvalifiserte personar som kan jobba som vikar. Det er lyst ut etter ringevikar, det er kartlagt om andre einingar i kommunen har personell som dei kan avsjå, og kommunen har vore i kontakt med bemanningsbyrå.

Dei siste dagane har det komme nye aktuelle kandidatar som skal avklarast. Alle som skal jobba i barnehagen må ha politiattest, så det vil alltid ta litt til før nye personar kommunen har knytt til seg er klare til å jobba i barnehagen.

For dei som ikkje har hatt tilbod om barnehage i perioden med stengt avdeling, vil kommunen kompensera tapte dagar gjennom redusert betaling på framtidig faktura.


Sist oppdatert: 13.03.2023
Publisert: 13.03.2023