HeimNyheterInviterer til U864-markering

Inviterer til U864-markering

Søndag 9. februar er det 75 år sidan den tyske ubåten U-864 blei torpedert utanfor Fedje, med ei last på kring 67 tonn kvikksølv. Etter fleire rundar med undersøkingar dei siste tiåra, er det framleis ikkje gjort noko med kvikksølvet. Arrangementet søndag er ein protest mot at det ikkje er gjort tiltak for å få opp kvikksølvet.

Vraket av U864 (Foto: Kystverket) 

– Ubåten ved Fedje inneheld 67.000 kilo kvikksølv og er verdas største punktkjelde for kvikksølv. U-864 vedkjem Vestlandet, Nordsjøen og Atlanterhavet, og kan påverka Norges omdømme som miljønasjon, sjømatnasjon og turistnasjon. Norge har forplikta seg gjennom internasjonale konvensjonar til nullutslepp av kvikksølv, som Minamata- og OSPAR-konvensjonane. Og når det gjeld vraket av U864 har Det Norske Veritas (DNV) tidlegare konkludert med at «Det eneste tiltak som på lang sikt har lav risiko er heving: Tildekking har derimot høy risiko på lang sikt». Dette skriv Kompetanseteamet U-864, som står bak arrangementet.

Dei ansvarlege for arrangementet søndag er professor Anders Goksøyr (Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen), professor Matthias Kaiser (Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen), Einar Sletten, professor emeritus (Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen), Fedje-ordførar Stian Herøy, og Anne Brit Reigstad.

 

Det er mogleg å følgja oppsett busstransport til og frå arrangementet søndag. Dei som vil kan følgja bussen som Fedje kommune har sett opp, men passasjerer frå vår kommune må melda si interesse til Austrheim-ordførar Per Lerøy, per SMS til 94506747, og seinast fredag kveld. Bussen går klokka 11:10 frå Sævrøy ferjekai, den går innom Mastrevik Torg og plukkar opp folk, og kan elles stoppa etter avtale på busstoppa langs hovudvegen. Bussen køyrer over Lindås.

 

– I samband med arrangementet vil desse stilla og halda appellar: Fylkesordførar Jon Askeland, professor Anders Goksøyr (Institutt for Biovitskap, UiB), Fedje-ordførar Stian Herøy, kontreadmiral og tidlegare sjef for ubåtvåpenet Jan Jæger, Austrheim-ordførar Per Lerøy, Astrid Byrknes frå KrF i Alver kommune, og ein elev frå Fedje skule.

Frå Fedje kjem det også skuleelevar som har jobba med U864-kvikksølvet med tanke på forureining og framtidige generasjonar.

Det blir kulturinnslag ved Helene Nilsen (song) og Mathismarkens Bataljon, og ein får sjå film som viser utvikling av ny subsea-teknologi.

 

Du kan finna meir informasjon om arrangementet på Facebook: www.facebook.com/events/186498142430757/


Sist oppdatert: 14.02.2020
Publisert: 06.02.2020