Invitasjon til folkemøte om framtidsplanane for Rongevær kysthytte

Turlaget har inngått ein langsiktig leigeavtale med Austrheim kommune for det som mange kjenner som Rongevær kurs- og fritidssenter, den tidlegare skulen i Rongeværet. 

Etter at kommunen i mange år har drive staden som kurs- og fritidssenter, skal den no drivast som kysthytte av Bergen og Hordaland Turlag.

Vil du vera med på informasjonsmøtet på Kilstraumen Brygge måndag 28. mars, klokka 18-20, så sender du ein e-post til linda.fongaard@dnt.no for å melda deg på.

Du kan finna den nye Facebook-sida til Rongevær kysthytte på denne linken (klikk her)

Det vert offisiell opning av Rongevær kysthytte søndag 19. juni. Sett av datoen for opningsfest!

Her er invitasjonen som PDF (klikk her).

Bergen og Hordaland turlag - informasjonsmøte 280322


Sist oppdatert: 23.02.2022
Publisert: 23.02.2022