HjemNyheterIntrum tar over purring på rekningar

Intrum tar over purring på rekningar

Austrheim kommune har gjort avtale med selskapet Intrum (det som tidlegare heitte Lindorff), om at dei frå 1. januar 2023 tar over purringar på kommunale rekningar.

For dei som får purring på rekningar etter 1. januar gjeld det å logga seg inn på Intrum.com si heimeside (med Bank-ID), for å sjekka status på rekninga, eller ta kontakt med Intrum på telefon.

Klikk her for å komma til Intrum kundeservice (ekstern lenke).

Utvida tilgjenge på telefon

Telefonnummeret til kundeservice hjå Intrum er 23 21 10 00, opningstidene der er:

  • Måndag - torsdag: 08:00 - 21:00
  • Fredag: 08:00 - 20:00
  • Laurdag: 10:00 - 15:00

Som ein ser vil endringa gje auka opningstid på telefon, sidan Intrum har lengre opningstider på kundeservicen enn det som er vanleg arbeidstid i kommunen.

Gjer det mogleg å splitta kommunale avgifter

Austrheim kommune jobbar med ei ordning for å splitta opp kommunale avgifter i fleire terminar enn i dag. Meininga er at dette skal gjelda dei største utgiftene som vassavgift og kloakkavgift, og ein kan dela opp betalinga i halvår (2 terminar), kvartal (4 terminar), eller månad (12 terminar).

Når ordninga er endeleg vedteken, vil det bli klargjort eit elektronisk skjema der ein kan be om deling av innbetalingane. Dette vert klart rundt nyttår.


Sist oppdatert: 12.12.2022
Publisert: 12.12.2022