HjemNyheterInterkommunal plan for sjøområda i Nordhordland - høyring

Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland - høyring

Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal  har saman starta ein prosess med å utarbeida ein interkommunal plan for sjøareala i desse kommunane. Planområdet gjeld berre for sjøområda. Det vil sei frå flomålet i elveosar og ned til sjøbotn. Avgrensing ut i sjø er 1 nautisk mil utanfor grunnlinja. 

Det interkommunale planutvalet (IKPU) består av ein representant frå kvar kommune vald av kommunestyret. IKPU har fått delegert mynde frå kommunestyret om å legge planprogrammet ut på høyring. 

IKPU gjorde følgjande vedtak i møte 26.02.2021 i sak 03/21:

«Det interkommunale planutvalet for sjøareal i Nordhordland vedtek at framlegg til planprogram for «Interkommunal plan for sjøareal i Nordhordland» vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Vedtaket har heimel i plan og bygningslova §11-1 og §11-13.»

Det er to ting som vert etterspurt i denne høyringa:

  • Innspel og kommentarar til sjølve planprogrammet
  • Innspel til planinnhald/arealbruk

Informasjon om høyringa

Ein finn meir informasjon om prosjektet og høyringa på www.regionnordhordland.no, og her på heimesida til Austrheim kommune.
Det vil bli invitert til regionale møte og lokale møte i den einskilde kommune.
Frist for å kome med innspel er 10.05.2021.

Alle innspel skal sendast på e-post til Nordhordland Utviklingsselskap IKS, post@nordhordland.net. I emne feltet til e-post må du skrive: «Høyring Interkommunal plan sjøareal»

eller som brev til:

Nordhordland Utviklingsselskap IKS
Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø

Vedlegg:


Sist oppdatert: 12.03.2021
Publisert: 12.03.2021