Innspurt på julegåveaksjonen
Vil du bidra?
Kan du vera med og bidra til at barn (0-20 år) i familiar med økonomiske utfordringar kan få ei fin jul?
Då kan du svinga innom Servicekontoret på kommunehuset og levera gåver. Desse må vera merka med kjønn og alder, til dømes «Jente 12 år», og framstå som nye ting.
Dersom du vil gje eit økonomisk bidrag til matkassane som skal settast saman, kan du setta over til konto 3632.58.68443, eller Vippsa til #639602. Merk overføring/betaling med «Jul».
Siste frist er torsdag 15. desember.
Har du behov for hjelp?
Bur du i Austrheim, med barn i alderen 0-20 år, og treng du litt ekstra hjelp i jula til mat og gåver?
Då er du hjarteleg velkommen til å nytta deg av støtteordninga «Ei god jul for alle». Send ein e-post til ungdomskoordinator Ingrid Bø Marøy, ingrid.bo.maroy@austrheim.kommune.no, med informasjon om:
- For julegåver skriv du alder og kjønn på barn, og leveringsadresse.
- For matkasse skriv du tal personar i husstanden, alder på barna og leveringsadresse.
Siste frist er torsdag 15. desember.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med:
- Trine Merete Jansen,
kommunalsjef for oppvekst og kultur,
telefon 97 77 80 17
e-post trine.merete.jansen@austrheim.kommune.no - Ingrid Bø Marøy,
ungdomskoordinator,
telefon 474 64 887
e-post ingrid.bo.maroy@austrheim.kommune.no
Opplysningar kommunen får inn i samband med aksjonen vert handsama som konfidensielle.