HjemNyheterInnfører ikkje regionale tiltak no

Innfører ikkje regionale tiltak no

Askøy kommune gav ei orientering av situasjonen, og det var ei drøfting av behov for felles smitteverntiltak i regionen. 

Kommunane, i samråd med FHI, vurderer situasjonen som eit framleis avgrensa utbrot, der per i dag nye påviste tilfelle, med få unntak, allereie er i karantene. Det vart difor ikkje innført regionale tiltak frå søndag, men kommunane er klar til å setje inn tiltak raskt om situasjonen endrar seg. 

Askøy innførte fredag 19. mars strenge tiltak for å avgrense smitteutbrotet. Det er òg innført tiltak i Øygarden. Kommunane i Bergensområdet følger situasjonen tett, og det er avtalt eit nytt samordningsmøte onsdag 24. mars, eller tidlegare i veka om situasjonen endrar seg. Kommunane vil legge til rette for ein dialog med trussamfunna om smittevern. 

Kommunane i Bergensområdet samarbeider godt, og er budde på å hjelpe kvarandre i arbeidet med smittesporing. 

Mutert virusvariant av koronasmitten har ført til at smitten no har spreidd seg svært raskt i enkelte område. Leiinga i kommunane vil på det sterkaste understreka viktigheita av å møte minst mogleg folk, reise minst mogleg og ikkje gjennomføre unødvendige reiser til, eller delta på arrangement i, andre kommunar.

Sjå helsenorge.no for gjeldande nasjonale smittevernråd og på kommunens nettside for lokale råd og reglar. 


Sist oppdatert: 22.03.2021
Publisert: 22.03.2021