HjemNyheterIngen nye koronatilfelle i russemiljøet

Ingen nye koronatilfelle i russemiljøet

Fredag 21. mai fekk ein person i russemiljøet i Nordhordland påvist koronavirus. Personen hadde vore på fest i friluftsområdet Haltejohansvika på Frekhaug.

Austrheim og Alver har testa store delar av russekulla i kommunane gjennom helga. Ingen av dei som har testa seg har så langt fått påvist koronavirus.

Kommuneoverlegane i Austrheim og Alver bad difor russ og andre ungdomar som hadde vore på fest i dette området sidan torsdag 13. mai om å teste seg.

Mange ungdomar tok oppmodinga og testa seg gjennom helga. Kommunane har fått dei fleste prøvesvara. Hittil har ingen av ungdomane som har testa seg fått påvist koronavirus.

Her er saka om "Koronasmitte i russemiljøet i Nordhordland - oppfordrar til testing", klikk på lenka for å lesa meir.

Her kan du lesa om "Korona- og vaksinestatus 21. mai 2021", klikk på lenka for å lesa meir.


Sist oppdatert: 25.05.2021
Publisert: 25.05.2021