HeimNyheterIngen bål- og bråtebrenning under Korona!

Ingen bål- og bråtebrenning under Korona!

Beredskapen i Nordhordland brann og redning (NHBR) er per dags dato (25. mars) som normal. Dette gjeld ved alle stasjonar i Alver, Austrheim og Modalen kommunar. NHBR har sett i verk mange smitteførebyggjande tiltak, slik at mannskap ikkje unødig blir smitta eller sett i karantene.

I denne spesielle situasjonen som heile nasjonen er i no, ber brannsjef Karl Johannes Romarheim om at alle har eit ekstra fokus og opptrer på ein slik måte at ikkje brannar og ulukker oppstår. Da unngår brannvesenet å rykkja ut på hendingar som med enkle tiltak burde vore unngått, og kan heller mobilisera til hendingar der liv og helse står på spel.

Det er eit årleg vårteikn at brannvesenet må rykka ut på ulike brannar på grunn av open eld som har komme ut av kontroll, gjerne i samband med bål eller bråtebrenning. Brannsjefen sitt råd er at all bruk av open eld utandørs (bål og bråtebrann) vert kutta inntil situasjonen har normalisert seg.


Sist oppdatert: 26.03.2020
Publisert: 26.03.2020