Ingen bading - bøker med munnbind

  • Austrheim kommune stengjer symjebassenget på Kaland for offentleg bruk, og for symjeklubben, fram til den 13. januar.
  • Austrheimhallen blir stengt frå og med 21. desember og til 3. januar.
  • Seniorsenteret vert stengt for arrangement fram til 14. januar.
  • Besøkjande på biblioteket skal nytta munnbind.
  • Gjester på kommunehuset skal ha avtale, og skal hentast i Servicekontoret av dei som får besøk. Gjestene skal følgjast attende.
  • Oppmodar til bruk av munnbind når du forflyttar deg inne på kommunehuset (det står skilt på Servicekontoret). Munnbind vert nytta frå du kjem inn, til du er framme til der møtet er.

Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 17.12.2021