HeimNyheterInformasjonsmøte og kontordag – «Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland»

Informasjonsmøte og kontordag – «Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland»

Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland er lagt ut for høyring og offentleg ettersyn, du finn den på denne lenka.

Høyringsfristen er tysdag 6. desember.

Informasjonsmøte tysdag 15. november

No vert det eit opent informasjonsmøte der alle kan komma, tysdag 15. november i Region Nordhordland Helsehus – møterom «Nordhordland» som ligg i 6. etasje. Informasjonsmøtet er frå klokka 18.00 til klokka 20.00, med kaffi og noko å bita i frå klokka 17.30.

Plan for møtet: 

  • 18.00 - Velkomst og innleiing ved leiar i interkommunalt planutval Hallvard Oppedal. 
  • 18.05 - Gjennomgang av planforslaget, ved Hans Kristian Dolmen og Bent Gunnar Næss.
  • 18.50 - Friluftsliv, ved John Frithjof Fosse i Bergen og Omland Friluftsråd.
  • 19.00 - Miljø og naturvern, ved Jan Nordø i Naturvernforbundet Nordhordland.
  • 19.10 - Fiskeri, ved Eirin Kongestøl Espeland i Fiskarlaget Vest.
  • 19.20 - Akvakultur, ved Nordhordland Næringslag/bransjegruppa Havbruk.
  • 19.30 - Havforskinga – siste nytt – korleis går det eigentleg med livet i sjøarealet! Gjer vi dei rette tinga!, ved Vivian Husa frå Havforskningsinstituttet.
  • 19.50 - Oppsummering.

Open kontordag onsdag 16. november

I samband med planarbeidet er det open kontordag i Knarvik onsdag 16. november frå klokka 09.00 – 18.00. Kontordagen er i Region Nordhordland Helsehus – 1. etasje på møterom «Osterfjorden».

Helsehuset ligg i Kvassnesvegen 40, i Knarvik. Kjem du med bil er det parkering i underetasjen - nedkjøring frå Kvassnesvegen på austsida av bygget.

Send gjerne ein e-post til Bent Gunnar Næss,  bent.gunnar.naess@regionnordhordland.no for å avtala tidspunkt for når du kjem innom. 

Om du heller vil ta møte på Teams, eller komma innom ein annan dag – så kan du avtala det. Bruk e-post-adressa over.


Sist oppdatert: 08.11.2022
Publisert: 05.11.2022