HeimNyheterInfluensavaksinering 2021

Influensavaksinering 2021

Dette er risikogruppene:
Alder og underliggande sjukdom

  • Personar som er 65 år eller eldre
  • Vaksne og born med alvorlege luftvegssjukdomar, spesielt personar med nedsett lungekapasitet.
  • Vaksne og born med kroniske hjarte/karsjukdomar, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lavt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
  • Vaksne og born med nedsett infeksjonsresistens
  • Vaksne og born med diabetes mellitus (både type 1 og type 2)
  • Vaksne og born med kronisk nyresvikt
  • Vaksne og born med kronisk leversvikt.
  • Vaksne og barn med kronisk, nevrologisk sjukdom eller skade
  • Vaksne og born med svært alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2
  • Bebuar på alders- og sjukeheim

Graviditet:

  • Gravide i 2 og 3. trimester.
  • Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon

Viktig å merka seg:

  • Det vert i år òg gjeve tilbod om pneumokokkvaksine (dvs. vaksine mot div. luftvegsinfeksjonar).
  • Tilbodet gjeld same risikogruppe som for influensavaksinen, men og til personar utan milt/nedsett miltfunksjon. Legane prioriterer kven som treng pneumokokkvaksine ut frå etterspurnad.
  • For dei som er sett opp med 2. dose av Korona-vaksine, eller skal ta 3. dose med Korona-vaksine, skal det gå minst ei veke mellom denne og før du tar influensavaksinen.

Pris:

  • Influensavaksinen kostar i år kr. 50,- i eigendel for dei som er i risikogruppa. Har du frikort kostar det ingenting.
  • Pneumokokkvaksinen kostar kr. 350,-
  • Det er fint om de tek med akkurat summen vaksinen kostar, vekslepengar kan vera eit problem.

Vaksinasjonsdagar:

  • Tysdag 26. oktober kl. 14.00-18:00
  • Torsdag 28. oktober kl. 14:00-18:00
  • Stad: Austrheim idrettshall. Ingen timebestilling, berre møt opp.
  • Ta gjerne på munnbind når du skal ta influensavaksine.

Me ser helst at dei som skal ha vaksine møter ein av desse dagane.

For spørsmål kontakt Austrheim legekontor tlf.: 56 16 82 00

Austrheim legekontor – Kommuneoverlegen


Sist oppdatert: 18.10.2021
Publisert: 08.10.2021