HeimNyheterInfluensavaksinering 2020

Influensavaksinering 2020

Vaksinasjonsdagar:

Tysdag 27. oktober kl. 15.00-17:00
Torsdag 29. oktober kl. 15:00-17:00 

Fram til 1. desember er årets influensavaksinar forbeholdt helsepersonell med pasientkontakt og personar som er i risikogruppa.

Koronapandemien endrar ikkje anbefalingane for influensavaksinasjon. Det er dei same risikogruppene som tidlegare som anbefalast å ta influensavaksine.

Særleg viktig er det at personar som er i risiko for alvorleg sjukdom vaksinerer seg. Det er viktig å vera klar over at vaksine mot covid-19 ikkje er kommen enno, og at influensavaksinen ikkje beskyttar mot koronasmitte.

Før 1. desember er det ikkje mogeleg for andre enn risikogruppa og helsepersonell å vaksinere seg. Dette pga. talet vaksinar kommunen får tilsendt.

Dette er risikogruppene:

Alder og underliggande sjukdom

• Personar som er 65 år eller eldre

• Vaksne og born med alvorlege luftvegssjukdomar, spesielt personar med nedsett lungekapasitet.

• Vaksne og born med kroniske hjarte/karsjukdomar, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lavt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon

• Vaksne og born med nedsett infeksjonsresistens

• Vaksne og born med diabetes mellitus (både type 1 og type 2)

• Vaksne og born med kronisk nyresvikt

• Vaksne og born med kronisk leversvikt.

• Vaksne og barn med kronisk, nevrologisk sjukdom eller skade

• Vaksne og born med svært alvorleg fedme, dvs. kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2

• Bebuar på alders- og sjukeheim

 

Graviditet:

• Gravide i 2 og 3. trimester.

• Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon

 

Det vert i år òg gjeve tilbod om pneumokokkvaksine (dvs. vaksine mot div. luftvegsinfeksjonar).

Tilbodet gjeld same risikogruppe som for influensavaksinen, men og til personar utan milt/nedsett miltfunksjon. Legane prioriterer kven som treng pneumokokkvaksine ut frå etterspurnad.

 

Influensavaksinen kostar i år kr. 50,- i eigendel for dei som er i risikogruppa. Har du frikort kostar det ingenting.

Pneumokokkvaksinen kostar kr. 350,-

 

Det er fint om de tek med akkurat summen vaksinen kostar, vekslepengar kan vera eit problem.

Influensavaksinane kjem til kommunen i veke 42.

 

Vaksinasjonsdagar:

Tysdag 27. oktober kl. 15.00 - 17.00

Torsdag 29. oktober kl. 15.00 - 17.00

 

Me ser helst at dei som skal ha vaksine møter ein av desse dagane.

Stad: Austrheim idrettshall.

For spørsmål kontakt Austrheim legekontor tlf: 56 16 82 00

 

Austrheim legekontor – Kommuneoverlegen


Sist oppdatert: 26.10.2020
Publisert: 01.10.2020