HeimNyheterInfluensa- og pneumokokkvaksine 2020

Influensa- og pneumokokkvaksine 2020

Her er det laga ein oppdatert artikkel på grunn av nye statlege føringar: Influensavaksinering 2020

 

 

Risikogrupper:

Alder og underliggande sjukdom

• Personar som er 65 år eller eldre

• Vaksne og born med alvorlege luftvegssjukdomar, spesielt personar med nedsett lungekapasitet.

• Vaksne og born med kroniske hjarte/karsjukdomar, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lavt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon

• Vaksne og born med nedsett infeksjonsresistens

• Vaksne og born med diabetes mellitus (både type 1 og type 2)

• Vaksne og born med kronisk nyresvikt

• Vaksne og born med kronisk leversvikt.

• Vaksne og born med kronisk, nevrologisk sjukdom eller skade

• Vaksne og born med svært alvorleg fedme, dvs kroppsmasseindeks (BMI) over 40 kg/m2

• Bebuarar på alders- og sjukeheim

Graviditet:

• Gravide i 2 og 3. trimester.

• Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast for vaksinasjon

Det vert i år òg gjeve tilbod om pneumokokkvaksine (dvs. vaksine mot div. luftvegsinfeksjonar).

Tilbodet gjeld same risikogruppe som for influensavaksinen, men og til personar utan milt/nedsett miltfunksjon. Legane prioriterer kven som treng pneumokokkvaksine ut frå etterspurnad.

Influensavaksinen kostar kr. 150,-

Pneumokokkvaksinen kostar kr. 350,-

Det er fint om de tek med akkurat summen vaksinen kostar, vekslepengar kan vera eit problem.

Vaksinasjonsdagar:

Tysdag 27. oktober kl. 14.00-18:00.

Torsdag 29. oktober kl. 14:00-18:00.

Me ser helst at dei som skal ha vaksine møter ein av desse dagane.

Stad: Austrheim idrettshall.

For spørsmål kontakt Austrheim legekontor tlf: 56 16 82 00

Austrheim legekontor – Kommuneoverlegen

Tilsette i kommunen og andre enn risikogruppene/helsepersonell kan ikkje få vaksine før etter 1. desember, når det er klart kor mange vaksinedosar som er tilgjengelege, og om det er mogleg å etterbestilla fleire vaksiner.


Sist oppdatert: 14.10.2020
Publisert: 09.09.2020