HeimNyheterIkkje spre parkslirenke

Ikkje spre parkslirenke

Parkslirenke er svartelista i Norge, og utgjer ein stor risiko for stadeigne plantar og naturtypar. Faktisk er parkslirekne rekna som ein av verdas 100 mest aggressive plantar når det gjeld uønska spreiing. 

Planten har spreidd seg også til Austrheim kommune, og den kan spreia seg rundt i kommunen om ikkje hageeigarar og entreprenørar er bevisste på korleis dei handterer planten. 

Små bitar heilt ned til 2 centimeter av ei grein kan vera nok til å etablera ein ny koloni med parkslirekne. Og nedklipping kan føra til at planten kjem med lengre skot, slik at dette må gjerast over tid, gjerne kombinert med sprøyting.

Dersom det skal gravast eller fjernast massar der det er parkslirekne, skal desse massane:

  • handterast lokalt med djup nedgraving eller tildekking, eller
  • deponerast i varig deponi

Du kan lesa meir om planten parkslirekne, og kva du kan gjera for å hindra at den spreier seg, på denne lenka: https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1627/

Planten er opphavleg importer frå Asia som prydplante, men det viser seg at den likar seg altfor godt. Enkelte stader på Austlandet er det små "skogar" med tre meter høg tettvaksen parkslirekne.

Parkslirenke Foto Marte Holten Jørgensen Lisens CC BY NC SA 3.0

Parkslirenke Foto Marte Holten Jørgensen Lisens CC BY NC SA 3.0


Sist oppdatert: 14.08.2020
Publisert: 14.08.2020