HjemNyheterIkkje ny Korona-smitte i Austrheim sist veke

Ikkje ny Korona-smitte i Austrheim sist veke

Etter 23. september er det ikkje stadfesta fleire med Korona-smitte i Austrheim. Det betyr at det framleis er 11 personar som er registrert smitta med Korona i Austrheim per i dag, etter at rundt 650 er testa.

Det er ikkje mistanke om, eller registrert, smitte i skulane, barnehagane eller helseinstitusjonane våre. For besøk på Nordliheimen må ein sjekka dei reglar og avgrensingar som til ei kvar tid gjeld for besøk der.

Om du har nokon i familien eller nabolaget som du trur ikkje har fått denne informasjonen, del gjerne informasjonen med dei!

Kommunal kriseleiing (KKL) har avgjort at kommunen skal opna kommunale bygg for utlån til ulike aktivitetar, som skulekorps og anna. Garderobar og idrettshallen skal opnast etter haustferien, frå måndag 12. oktober.

Også symjehallen skal opnast måndag 12. oktober, eller så tidleg som mogleg etter dette, men berre for bruk av skulane og symjegruppa. Det vert ikkje offentleg bading enno.

Idrettslag som skal bruka garderobar, idrettshall og symjehall må framvisa dei planar dei jobbar etter for å sikra smittevernet. Planen skal framvisast og godkjennast av KKL innan bruken tek til.

KKL har også avgjort at Austrheim legg seg på dei nasjonale retningslinjene når det gjeld kor mange som kan samlast på offentleg stad, og liknande. Dette betyr mellom anna at ein gjev unntak frå einmetersregelen ved kino og liknande, der er det tilstrekkeleg med eitt ledig sete mellom kvar gjest. Nye nasjonale retningslinjer gitt 30. september, gjeldande frå 12. oktober, finn ein på www.regjeringa.no.

Det er sett opp eit telt på parkeringsplassen bak kommunehuset, der ein tar Korona-testar. Heile plassen er elles reservert for dette. Røde Kors bistår kommunen med organisering av testinga, dei som deltar derifrå har signert på teieplikt, som andre som jobbar med dette.

Om du trur du kan vera smitta, anten på grunn av symptom eller av nærkontakt med ein som er smitta, skal du ringa til legekontoret for å avtala prøvetaking.

Det er oppretta ein eigen Korona-telefon til legekontoret, med nummer 966 25 339, den kan du ringa kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Ved stadfesta smitte er det nærkontakt til den smitta som skal i karantene, ikkje nærkontakt til nærkontakt. Dette med nærkontakt og karantene vert vurdert på medisinskfagleg grunnlag. Du blir oppringt frå kommunen om du er nærkontakt.
Den som er nærkontakt, får ikkje opplyst kven det er som er smitta.

Kommunen takkar alle tilsette, og innbyggjarar elles, for innsatsen med å halda smitten i sjakk. Om alle opprettheld smitteverntiltak, som avstand og reine hender med meir, skal dette utbrotet me opplever no gå over. Du kan lesa meir om smittevern på heimesida til Folkehelseinstituttet, www.fhi.no

Til sist så ønskjer me alle ei god helg. Skal du eit ærend på butikken eller anna, hugs avstand på minst ein meter, at du må reine hender, og bruk litt handsprit 😊


Sist oppdatert: 02.10.2020
Publisert: 02.10.2020