HeimNyheterIgangsetting av planarbeid for «Områdeplan for bustadområde B36 på Kaland og Fonnes og friområdet ved Ekornsåta, planid. 2021002.»

Igangsetting av planarbeid for «Områdeplan for bustadområde B36 på Kaland og Fonnes og friområdet ved Ekornsåta, planid. 2021002.»

Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-8. Planområdet er i kommuneplanen sin arealdel bustadområde B36 nord for fylkesveg 565, og friområdet ved Ekornsåta. Omlag 250 meter av Leirvågsvegen vert no regulert. Planområdet er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, den vart godkjent den 11.04.2019. Å få regulert dette området som totalt er på om lag 200 dekar er prioritert i planstrategien vår. Planområdet kan ein sjå på kommuneplankartet under:

Bustadområde B36 Kaland Fonnes

Planområdet er det gule bustadområdet B36 og friområdet Ekornsåta nord for Fv. 565.

Bustadområde B36 har gode soltilhøve. Det er kort veg til busstopp, butikkar, idrettshallar, symjebasseng, bibliotek, skule og barnehage og til den største arbeidsplassen i regionen, Mongstad-området. Nærleiken til mange arbeidsplassar på begge sider av Fensfjorden vil gjera dette området til eit attraktiv bustadområde. Det er fine turområde her, det er gåavstand til både Vardetangen og Årvikane. Område sett av til småbåthamn på Kaland og Fonnes kan framover utvidast med mange båtplassar.

Austrheim kommune har som intensjon å gjennomføra planarbeidet så detaljert at det kan byggjast i heile, eller store deler av planområdet når områdeplanen er godkjent. Austrheim kommune eig om lag 32 dekar innafor planområdet. Ekornsåta vil verta regulert til friområde, det er på omlag 30 dekar. 

Områdeplanen skal innehalda planskildring, ROS-analyse, reguleringsføresegner, plankart og andre utgreiingar som vert krevd i planframlegg fram til offentleg ettersyn. Du kan lesa om planarbeidet her på Austrheim kommune si heimeside, her er link til saksframlegget til formannskapet:

Merknad til planoppstart må sendast innan 6. april 2021 på e-post: post@austrheim.kommune.no eller per post til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Rådmannen


Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 11.02.2021