HeimNyheterIgangsetting av Detaljregulering for Bustadområdet B07 og skuleområdet ved Austrheim Vidaregåande skule, planid. 2021001

Igangsetting av Detaljregulering for Bustadområdet B07 og skuleområdet ved Austrheim Vidaregåande skule, planid. 2021001

Det er det vestlege skuleområdet til Austrheim vidaregåande skule (AVS) og bustadområdet B07 som no skal detaljregulerast. Når det gjeld Austrheim Vidaregåande skule, så er det viktig å få på plass ein reguleringsplan på areala på og omkring skulebygget som Vestland fylkeskommune eig. Å leggja til rette for ein god og framtidsretta utvikling av AVS vil verta prioritert i planarbeidet. Areal for grønstruktur/park og areal i sjø ved bustadområde B07 og AVS er og innafor planområdet.  I hovudtrekk vert areala regulert i samsvar med kommuneplanen sin arealdel som vart godkjent i kommunestyret den 11.04.2019. Heile planområdet er på om lag 110 dekar, dette kan du sjå på karta under:

Plankart B07 ved AVS

Flyfoto Plankart B07 ved AVS

Planområdet har mørk gulfarge i bustadområde B09. Raud farge er skuleområdet T. Mørk grønfarge er grønstruktrur GR. Område i sjø med blå farge er bruk og vern av sjø og vassdrag.

Ei detaljreguleringa skal innehalda planskildring, ROS-analyse, VA-plan, reguleringsføresegner og plankart, men og andre utgreiingar som vert krevd i planframlegget som skal til offentleg ettersyn. 

For å sjå saksframlegget til formannskapet 28. januar, klikk her:

Merknad til planoppstart må sendast innan 6. april 2021 på e-post: post@austrheim.kommune.no eller er post til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Rådmannen


Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 11.02.2021