HeimNyheterHugs påbod og råd!

Hugs påbod og råd!

Men det er framleis ein del som ikkje er like flinke, så dette er ei påminning om forskrifta som er innført av kommuneoverlegen og formannskapet, gjeldande frå 22. november til 5. desember.
Klikk her for å lesa den: Forskrift om smitteverntiltak i Austrheim kommune

Austrheim er no oppe i 45 personar med stadfesta Korona-smitte den siste månaden, og med denne utviklinga er det viktig at den enkelte gjer sitt for å avgrensa vidare spreiing av viruset.

For dei med smitte i husstanden

Alle som bur ilag med ein som har fått påvist koronavirus:

  • Uvaksinerte over 18 år har plikt til å testa seg.
  • Testinga skal skje enten ved å testa seg 7 påfølgjande dagar med heimetest eller anna kvar dag i 7 dagar med PCR -test.
  • Uvaksinerte under 18 år vert oppmoda om å testa seg på same måte som dei over 18 år. 
  • Vaksinerte bør testa seg to gonger i løpet av ei veke og halda seg heime til dei har fått svar på den første testen.
  • Vaksinerte bør vidare redusera talet på nærkontaktar, og halda seg mest mogleg heime til smittesituasjonen i huset er over.

Kva gjer du ved symptom - oversikt frå FHI

Folkehelseinstituttet (FHI) har laga flytskjema som hjelper deg vidare dersom du:

Du kan eventuelt lesa meir her: Kva skal du gjera om du har nyoppståtte luftvegssymptom (lenke til FHI.no)

Du kan eventuelt lesa meir her: Born i barnehage- eller barneskulealder med nyoppståtte luftvegssymptom - når skal dei vera heime frå barnehage/skule, og når skal dei testast for covid-19 (lenke til FHI.no)

God handhygiene = smittevern

Som tidlegare under denne pandemien, og eigentleg alltid elles, er det bra med god handhygiene, og gjera enkle men gode tiltak for å redusera smittefaren. Dette handlar som tidlegare om å:

  • Ha reine hender, handvask eller handsprit.
  • Om du må hosta, host inn i olbogen din for å unngå spreiing av dropar.

Vaksinering med 3. dose

For å auka effekten av Korona-vaksinen blir det  gitt ein tredje dose, som oppfrisking. Det er dei eldste og dei i ulike risikogrupper som vert prioriterte, og til dels helsepersonell, alt etter kva nasjonale reglar som gjeld for vaksineringa.

Ønskjer du ein 3. dose kan du melda di interesse ved å ringa Servicekontoret på kommunehuset, 56162000, i telefontida mellom 09.00 og 15.00. Då vert du sett på liste over dei som ønskjer 3. dose.

Det vert no opna for at ein kan få dose 3 med eit intervall på ned til 5 månadar sidan dose 2, dette gjeld for dei over 65 år. For helsepersonell (under 65 år) gjeld framleis intervall på 6 månadar. Spesielle risikogrupper kan få den 3. dosen tidlegare, men det må gå minimum 4 veker etter dose 2 for desse gruppene.

Eller er det slik at du ønskjer å ta vaksinen, men ikkje nytta har sjansen enno, så kan du også ta kontakt for å bli sett opp for vaksinering.

Har du fått tildelt vaksinetime, møt opp til denne slik at din dose blir nytta.

Slik hentar du hurtigtest

Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor. Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test.

Er du sjuk må du senda andre for å henta pakken med hurtigtest, men den som skal bruka testen må ha symptom, med unntak av dei som bur i same husstand som ein som er smitta, sjå over. Om du ikkje har symptom, men ønskjer å ha eit testsett liggande, må du kjøpa deg Korona-test til dømes på apoteket.

Det same om du ikkje kan henta ut mellom klokka 14.30 og 15.15, då må du kjøpa testen på apoteket.

Det vert delt ut det tal testar som trengs etter situasjonen. Har du symptom, får du ein test. Er du husstandsmedlem til ein som er Korona-smitta, eller annan nærkontakt til ein Korona-smitta, får du fleire testar.

Er ein hurtigtest positiv, må du gå i isolasjon og bestilla ein vanleg Korona-test i regi av legekontoret.


Sist oppdatert: 25.11.2021
Publisert: 25.11.2021