HjemNyheterHopp i havet - det er reint

Hopp i havet - det er reint

Eining for miljøretta helsevern i Alver kommune har tatt nye prøvar av badevatnet i regionen. Alle prøvane i Austrheim er fine.

To måleplassar i Austrheim er nye, det er i Mastrevikane der ungdomsklubben har ein del aktivitet. Også der er prøvane gode.

1 - Solesjøen, prøve tatt 25/6, god vasskvalitet
2 - Finnsvågen, Austrheimvågen, prøve tatt 25/6, god vasskvalitet
3 - Øksnes, prøve tatt 25/6, god vasskvalitet
4 - Mastrevikane v/slipp, prøve tatt 25/6, Ny – under testing (god vasskvalitet)
5 - Mastrevikane v/båtar, prøve tatt 25/6, Ny – under testing (god vasskvalitet)
6 - Skjelvika, prøve tatt 25/6, god vasskvalitet
7 - Årvika, Fonnes, prøve tatt 25/6, god vasskvalitet

Temperaturen i vatnet var småkalde 15-16 grader, men det får ikkje kommunen gjort noko med.


Sist oppdatert: 10.07.2020
Publisert: 10.07.2020