HeimNyheterHøgt vassforbruk i Øyane

Høgt vassforbruk i Øyane

Vassforbruket er unormalt høgt frå Dyrnes/Øksnes og utover i Øyane, og det betyr at det ein plass renn vatn ut i terrenget eller i verste fall innandørs i ei hytte eller eit hus.

Natt til fredag var timeforbruket 2 kubikk, og då renn vatnet unna raskare enn ein klarer å fylla høgdebassenget på Årås. Om ikkje feilen blir lokalisert og retta, blir det dermed tørre kranar etter kvart.

Kommunen ber alle hyttefolk og fastbuande om å sjekka for lekkasje på eige leidningsnett, frå koplingspunkt og inn til bustaden, og for eventuelle lekkasjar innandørs. Det kan vera skader etter frost i vinter, og det kan vera eldre leidningar som ikkje toler trykket på det offentlege vassnettet. 

Denne meldinga blir også sendt som tekstmelding til dei som bur i området, men det er ikkje sikkert at meldinga og denne heimeside-teksten når alle hyttegjester. Så det er fint om alle i området kan hjelpa til med å dela informasjonen.


Sist oppdatert: 28.05.2021
Publisert: 28.05.2021