Hjelp til med å stoppa spreiinga av hamnespy

Hamnespy legg seg som store teppe på havbotnen, og fortrengjer andre artar. Ein koloni med hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar. I løpet av to veker kan ein koloni 11-dobla storleiken sin.
Miljødirektoratet og Statsforvaltaren ber om hjelp til å stoppa spreiinga av hamnespy, her er litt du kan hjelpa til med:
🔍 Sjekk båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørja båten med anti-fouling maling før du set den ut.
🛳 Har du fått hamnespy på båt eller utstyr?
Fjern hamnespy ved å:
🛶 Setta båt/utstyr på land i ei veke.
🚿 Spyl eller skrap botnen av båten/ utstyret. Sørg for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen.
💦 Plasser utstyr med begroing i ferskvatn i minst seks timar.
📜 Båtforeiningar og andre kan henta informasjonsplakatar om hamnespy på Servicekontoret, for oppslag på kai eller tilsvarande.

Sist oppdatert: 08.04.2022
Publisert: 08.04.2022