HjemNyheterHjelp oss med å fjerna planten Landøyda

Hjelp oss med å fjerna planten Landøyda

Planten Landøyda er i ferd med å få fotfeste på Vestlandet, og her i Austrheim kjem gjerne landøyda opp først langs vegane. Alle må ta eit tak for å verta kvitt denne giftige planten.

Landøyda, plante

Planten er å sjå fleire stader i Austrheim, mellom anna i grøftekantar, og dei som har denne i sitt nabolag bør hjelpa til med å redusera framveksten. Lag gjerne lokale dugnadar der du bur.

Storfe og hest er mest utsette for å verta forgifta av landøyda, men om beitet elles er bra, vil dei som regel ikkje beita på den. Dersom det vert lengre tørre periodar kan likevel beiting av planten verta eit problem. Landøyda kan gje storfe og hest skader også dersom planten kjem i vinterfôret, tørking eller ensilering reduserer ikkje gifteeffekten av planten.

Enkeltplantar kan fjernast med å riva dei opp, men av og til må ein grava opp planten. Det er viktig at dette arbeidet vert gjort før den frøar seg i august/september.

Ta deg ein tur langs nærområdet ditt og gjer ein innsats no før den sprer seg overalt i Austrheim kommune. Bruk hanskar, planten er giftig. Du kan legga den på berg slik at den tørkar ut, legga den i komposten, eller kasta den i restavfallet, som i vår region går til brenning. 

Du reduserer også spreiinga ved å slå blomsterknoppane av før blomstring. Ein plante har vanlegvis rundt 2.100 frø, men det har også vore eksemplar med 30.000 frø, slik at kvar plante som vert fjerna er bra.

Det er fint om du hjelper husdyr, bøndene og honningprodusentane med å fjerna denne planten langs vegar og i kulturlandskapet vårt!

Les meir om planten og skadeverknader på Plantevernleksikonet på heimesida Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) (klikk på lenka for å gå dit, ekstern lenke)

Og på Landøyda – et problem utenfor regelverket - sak på heimesida til Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) (klikk på lenka for å gå dit, ekstern lenke)

Landøyda, plante

Landøyda i full blomst (Foto frå Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBI: E. Fløistad, NIBIO)


Sist oppdatert: 27.07.2023
Publisert: 27.07.2023