HjemNyheterHjelp oss med å fjerna planten Landøyda

Hjelp oss med å fjerna planten Landøyda

Planten er å sjå fleire stader i Austrheim, mellom anna i grøftekantar, og dei som har denne i sitt nabolag bør hjelpa til med å redusera framveksten.

Bruk hanskar, planten er giftig. Du kan dra den opp, pakka den i plastpose og hiva i restavfallet, dette går i vår region til brenning. 

Du reduserer også spreiinga ved å slå blomsterknoppane av før blomstring. Ein plante har vanlegvis rundt 2100 frø, men det har også vore eksemplar med 30.000 frø, slik at kvar som vert fjerna er bra.

Les meir om planten og skadeverknader på Plantevernleksikonet på heimesida Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) (klikk på lenka for å gå dit, ekstern lenke)

Landøyda, plante

Landøyda i full blomst (Foto frå Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBI: E. Fløistad, NIBIO)


Sist oppdatert: 09.09.2022
Publisert: 09.09.2022