Hjartestartar på kommunehuset

Når nokon får hjartestans står det om tid. I tillegg til livreddande arbeid som munn-til-munn og hjartekompresjonar, er det også viktig å ha ein hjartestartar tilgjengeleg. 

Austrheim kommune har kjøpt inn hjartestartar som er tilgjengeleg døgnet rundt, og som kan hentast dersom det oppstår ein situasjon der hjartestartar kan hjelpa.

Denne er plassert ved inngangsdøra til legekontoret, som er like ved hovudinngangen til kommunehuset. Plasseringa er registrert i  Hjartestartarregisteret (klikk på denne lenka), som er ei side administrert av Oslo Universitetssykehus.

Kva gjer du?

Ved hjartestans er det heilt avgjerande å få hjartet i gang igjen så raskt som mogleg. Ring 113 straks om nokon vert bevisstlause, og sluttar å pusta eller pustar unormalt.

Start raskt med hjartekompresjonar fram til ambulansen kjem, samstundes som nokon hentar næraste hjartestartar.

Det er instruksjonar på ein elektronisk skjerm på hjartestartaren, følg desse.

Ikkje stopp for å henta

Hjartekompresjonar kan oppretthalda ein viss blodsirkulasjon til hjernen, og slik førebygga skader etter hjartestansen.

Du skal ikkje stoppa med hjartekompresjonar for å leita etter hjartestartar, eller henta denne.

Les meir om hjarteredning på www.helsenorge.no, klikk her for å komma dit (ekstern lenke).


Sist oppdatert: 23.03.2022
Publisert: 22.03.2022