HjemNyheterNy vassleidning Utkilen - Mastrevik

Ny vassleidning Utkilen - Mastrevik

Du har kanskje merka deg arbeidet som har pågått på Utkilen med grøfting og framføring av ny vassleidning. I 2020 vart det lagt ny overføringsleidning frå Vardetangen over til Utkilen, denne skal no forlengast vidare inn til Mastrevik og derifrå opp til Austrheimhallen. 

Vassleidningsnettet i Austrheim vart i hovudsak etablert på 80-talet, med ein Ø200 mm leidning frå Litlås i nabokommunen Alver, og vestover på land og sjø til høgdebassenget på Årås. Drikkevatnet i Austrheim kjem frå nabokommunen, etter ein avtale som vart inngått med Lindås kommune tilbake på 80-talet. (Lindås gjekk inn i Alver frå 2020).

Ringleidning

Seinare er det kommunale vassnettet i Austrheim utvida mellom anna med vatn til Øyane, men før det kjem nye utvidingar må kapasiteten og forsyningstryggleiken sikrast.

Den utbygginga som skjer no, med nye forsyningsleidningar, skal sikra betre kapasitet frå Litlås og til Årås, slik at alle abonnentane på vassnettet er sikra godt trykk også i periodar med høgt forbruk. I tillegg vert arbeidet gjort slik at vassnettet får to forsyningsliner/ringleidning, og ein kan kopla om dersom det skjer eit brot på ein av dei to forsyningane. Skulle den gamle leidningen ryka, er det altså mogleg å kopla denne ut og vera sikra vatn også i ein reparasjonsperiode.

Lengre strekk i sjø

Den gamle vassleidningen kryssar over Vikaosen frå Utkilen til Mastrevik-sida, og går i grøft mot vasstårnet på Årås. Den nye sjøleidningen (Ø250 mm) vil gå over Vikaosen og kjem i land lengre sør i Mastrevik. 

Landtaket er sør for den gamle sardinfabrikken, og leidningen går derifrå opp på land i nabogrensa mellom gbnr 142/19, gbnr 142/1 og gbnr. 142/7 opp til vegen Vikane. Vidare vert vassleidningen lagt i grøft i gangvegen opp til P-plassen ved Austrheimhallen, for tilkopling i eksisterande kum. Leidning i grøft får overdekning på 1,2 -1,5 meter, dette vert fylt opp med grus og stein.

Legg fleire røyr

Frå strandsona sør for sardinfabrikken skal det også leggast andre røyr i same grøft, ein framtidig pumpeleidning (Ø125 mm) for spillvatn og eit kort stykke overvassleidning (Ø200 mm).

Samla lengd i grøft på land er kring 1.100 meter, i sjø kring 900 meter. Byggherre for prosjektet er Austrheim kommune,  representert ved Bjørn Størkersen.

Overføringsleidning vatn


Sist oppdatert: 23.06.2021
Publisert: 23.06.2021