HeimNyheterHelsehuset skal gjera kommunale tenester betre

Helsehuset skal gjera kommunale tenester betre

Har du vore innom Helsehuset i Knarvik til dialyse, hudlege, legevakt eller noko anna? Det er berre nokre av dei tinga ein no kan få hjelp med i det nye bygget i Knarvik, som kom i stand som følgje av eit samarbeid mellom kommunane i regionen, og med fylkeskommunale og spesialiserte helsetenester.

Men Helsehuset skal femna vidare enn å tappa blod og sy igjen kutt. Kommunane og dei andre deltakarane i bygget har tatt mål av seg å laga eit nytt kunnskapssenter, som skal vera ein arena for kompetansebygging og fagleg utvikling for alle kommunane i Region Nordhordland.

Fag- og tenesteutvikling

Det er vedteke sju satsingsområde for det vidare arbeidet med fag- og tenesteutvikling:

  • Heilskaplege og koordinerte tenester
  • Førebyggande arbeid og tidleg innsats
  • Felles satsing for grupper med samansette behov
  • Forsking og innovasjon - i og med kommunane
  • Etablera samarbeidsarenaer; nettverk- og møtearenaer
  • Kurs- og kompetanseutvikling
  • E-helse

Hausten 2022 skal det jobbast vidare med ein handlingsplan som skal gje prioriteringar for det vidare arbeidet, med tanke på tiltak, involvering, tidsestimat og ressursbehov innanfor dei ulike satsingsområda som er lista over.

Ikkje berre i Helsehuset

Helsehuset i Knarvik har fått gode møtelokale i toppetasjen, der det ligg til rette for ulike kurs og samarbeidsmøte.

Men arbeidet med eit kunnskapssenter skal vera meir enn berre kurs på bygget. Målet er at kunnskapssenteret skal legga til rette for eit samarbeid både lokalt og regionalt, mellom kommunane, fylkeskommunen, spesialisthelsetenesta, universitets- og høgskulesektoren og andre utviklings- og kompetansemiljø.

Les meir om arbeidet på nettsida til Region Nordhordland Helsehus (RNH):

Fag- og tenesteutvikling på Helsehuset (ekstern lenke)

Godkjent plan for samarbeid om fag- og tenesteutvikling (ekstern lenke)

Lenke til Plan for samarbeid - Fag- og tenesteutvikling i og rundt Region Nordhordland Helsehus (ekstern lenke)


Sist oppdatert: 12.07.2022
Publisert: 12.07.2022