Heimetenestene skal låsa opp med mobiltelefonen

Tek i bruk elektroniske låsar i Heimetenestene

BRUKAR MOBILEN: Heimetenesta låser opp døra med mobilen. 

Heimetenesta har i dag nøklar til bustadene der dei må ha tilgang, til dømes der det er tryggleiksalarm som kan utløysast automatisk eller av brukaren.

Med dagens løysing må den som rykker ut henta nøkkel, no skal dette erstattast av ei elektronisk løysing. E-lås fungerer slik at den tilsette låser opp med mobiltelefonen sin, kombinert med ein personleg kode.

Skal montera 50 E-låsar

På innsida av kvar dør skal det monterast ein liten boks, og ved å bruka ein app på mobiltelefonen kan den tilsette låsa seg inn. Utanfrå vil døra fungera med den tidlegare nøkkelen akkurat som før, og innanfrå er det vridar slik at ein kan låsa døra som før.

Låse-appen er berre på jobbtelefonane som heimetenesta har, og det vert loggført kva telefon som blir brukt til å låsa opp kva dør. Løysinga med E-lås er mykje tryggare enn dagens løysing med nøklar, sidan det ikkje lengre er ein nøkkel som kan bli mista.

I første omgang er det bestilt slike 50 E-låsar, og desse skal monterast hjå dei som har tryggleiksalarm, samt hjå enkelte andre der det vert vurdert som tenleg.

Kommunen monterer

Det er kommunen sine flinke folk i teknisk etat som står for monteringa. Låsane er laga slik at dei skal monterast på innsida av døra med dei skruehola som allereie er der, så døra tek ikkje skade av arbeidet.

Dei som skal ha E-lås kan ikkje ha fleire dørlåsar eller lenke på innsida av døra.

Den delen av låsen som vert skrudd av, vert lagra i bustaden. Når det ikkje lengre skal vera E-lås i bustaden vil kommunen sine folk komma tilbake for å ta den ned, og setta på plass igjen det som opphavleg høyrer til dørlåsen. Sjølve E-låsen er kommunen sin eigedom.

Låsen er ikkje avhengig av straum, den går på batteri og vil fungera også ved straumstans. Det er Atea som leverer E-låsen, medan det er Bekey som har laga appen.

Snart i gang

Alle det gjeld har fått brev om opplegget for E-lås, og det er lagt opp til at monteringa skal starta tidleg i april månad.

Om det eventuelt er dører som ikkje kan tilretteleggast for E-lås, blir det montert nøkkelboks på ytterveggen. Denne kan dei tilsette i heimetenestene låsa opp med ein universalnøkkel, og så henta ut nøkkelen til den aktuelle bustaden.

Tek i bruk elektroniske låsar i Heimetenestene

MONTERER: Teknisk drift står for montering av låssystemet.


Sist oppdatert: 05.04.2022
Publisert: 05.04.2022