HjemNyheterHeimehjelpa må prioritera strengt

Heimehjelpa må prioritera strengt

I heimetenestene har det vore to krevjande år sidan mars 2020, der ulike restriksjonar til tider har gjort arbeidet tyngre å utføra. At det no er venta fleire Korona-sjuke, kjem på toppen av dette. Sjølv om Omikron-varianten gjev lett sjukdom for dei fleste, er det likevel slik at dei som er smitta skal vera heime i minst fire dagar, og vera feberfrie før dei kjem på jobb igjen.

Høgt sjukefråvær gjer at heimetenestene i tida framover må prioritera strengt, og først og fremst gje den hjelpa som er lovpålagt. Tenester som må nedprioriterast er praktisk bistand, og vask av hus. Dersom det er veldig høgt sjukefråvær enkelte vakter, kan også andre tenester bli kutta. Heimetenesta vil då følgja ei eiga prioriteringsliste for kven som må ha besøk, dersom det ikkje er mogleg å rekka alle.

Denne utfordringa med høgt sjukefråvær råkar heile denne sektoren, og gjer at det ikkje er enkelt å skaffa kvalifiserte vikarar på kort tid.

Kommunen beklagar dette for brukarar som vil få mindre utført av tenester, og til deira pårørande, men ber om forståing for at naudsynt helsehjelp og lovpålagde tilbod må prioriterast.

Alle håpar me at dette er siste resten av pandemien, og at alt snart kan komma i vanleg gjenge igjen. Enn så lenge vil me berre be om tolmod, og sjølvsagt er det bra om pårørande, venner og naboar kan ha eit ekstra auge for om det er nokon som treng ei hjelpande hand.


Sist oppdatert: 08.02.2022
Publisert: 08.02.2022