HjemNyheterHar du gamle fiskereiskapar liggande?

Har du gamle fiskereiskapar liggande?

Fiske med fiskestang

Under den årvisse Landbruksdagen i Austrheim, som i år er laurdag 5. oktober, vert det ei utstilling kalla "Fiskarbonden sitt heimefiske". I samband med dette ønskjer Austrheim kyst- og sogelag å komma i kontakt med folk som kan ha gammal fiskereiskap liggande i naust, kjellar eller på loftet. Bilete og gode historier er også velkomment å få til utstillinga. 

I hovudsak ønskjer dei ting frå perioden 1930 til 1960, men alt er av interesse. Det som vert lånt til utstillinga vert merka godt og teke godt vare på, slik at alle får sine ting tilbake etterpå.

Om du har slike ting liggande, eller kan tipsa om folk kyst- og sogelaget bør ta kontakt med, er det fint om du kan ringa ein av desse tre:

Mikal Krossøy, telefon 474 63 195

Martin Keilegavlen, telefon 470 08 523

Hege Ramsland, telefon 930 46 429


Sist oppdatert: 06.09.2019
Publisert: 06.09.2019