HjemNyheterHar du møtt KommuneKari?

Har du møtt KommuneKari?

Alle kommunane i regionen vår har anten tatt i bruk den nye Chatboten, eller i ferd med å gjera den klar. Austrheim si data-Kari har vore i sving dei siste vekene, og gir svar til innbyggjarar som klikkar seg inn på heimesida.

KommuneKari er eit dataprogram som kombinerer kunstig intelligens og maskinlæring, for å gje betre og betre svar dess fleire som spør. Svara hentar ho dels frå data som finnest på heimesida, eller frå nasjonale nettsider. I tillegg hjelper me som er «bak» til med å legga inn rett informasjon.

Kari ser du øvst på heimesida, både på nett og mobil, og ho følgjer med deg på alle undersider når du klikkar deg vidare. Når du klikkar på «Spør Kari», kjem det opp eit pratevindu nede på sida, der du skriv inn kva du lurer på. Enkle søkeord er det beste, gjerne berre eitt ord.

Enkelt sagt er KommuneKari den raskaste måten å finna fram til informasjon som ligg på heimesida, ved å spørja henne heller enn å klikka deg gjennom menyane. Mellom føremonene med KommuneKari er at ho svarer til alle døgnets tider, anten du vil søka om bustøtte eller vil ha kontaktinformasjon til ordførar.

Du kan framleis også bruka søkefeltet øvst på heimesida, til innhaldssøk i det som ligg publisert.

Kommunen kan ikkje sjå kven som har spurt KommuneKari om noko, men me kan sjå spørsmåla og dei svara som er gitt. Dette brukar me til å forbetra tenesta, i tillegg til at me ser på dei tilbakemeldingane som kjem gjennom spørsmålstenesta. Slik sikrar me at KommuneKari svarer betre og betre.

Sjølvsagt er du velkommen til å ringa Servicekontoret også, på 56 16 20 00, eller stikka innom når det er ope (08.30 - 15.00). Men spør gjerne KommuneKari først!


Sist oppdatert: 08.04.2022
Publisert: 08.04.2022