Har du meldt deg på Eldredagen?
Austrheim Eldreråd inviterer alle pensjonistar m/ følgje til markering av Eldredagen, tysdag 1. oktober. Markeringa startar med gudsteneste i Austrheim kyrkje klokka 15.00, deretter er det festsamvær på Seniorsenteret klokka 16.00, med middag og kaffi.
På Seniorsenteret får ein høyra Marianne Juvik Sæbø m/musikarar framføra programmet «Toner fra mor sin grammofon».
Det er bindande påmelding til Austrheim kommune, ved Servicekontoret telefon 56 16 20 00, seinast onsdag 25. september. Pris: 300 kroner.
Sist oppdatert:
24.09.2019
Publisert:
24.09.2019