HeimNyheterHar du måtta avlysa ein konsert?

Har du måtta avlysa ein konsert?

Lotteri- og stiftelsestilsynet har ei ordning for kompensasjon, der du kan få dekka ein prosentandel av tapte inntekter avhengig av om du oppfyller vilkåra i ordninga (50 eller 70 prosent kompensasjon, avhengig av dato for arrangement og lokale smittevernreglar).

Eitt av vilkåra er at dei samla tapa det vert søkt om støtte for overstig 25 000 kroner, men dette tapet kan vera samla for fleire arrangement i perioden 12. mars til 31. desember. 

Søknadsfristen for Lotteri- og stiftelsestilsynet si ordning er 15. januar 2021. Du kan lesa meir om ordninga på denne lenka hjå tilsynet:

 
Kulturrådet har ei anna støtteordning som gjeld kor som har tapt billettinntekter på planlagde konsertar i perioden 1. oktober - 31. desember. Dette gjeld kulturarrangement der ein må løysa billett, og der ein har måtta redusera tal gjester på grunn av myndighetspålagde krav eller avgrensningar knytt til covid-19/Korona, og der det er budsjettert med driftstap før tilskot.

Kulturrådet si ordning har søknadsfrist 1. desember, og du finn den på denne lenka til dei:


Sist oppdatert: 18.11.2020
Publisert: 18.11.2020