HeimNyheterHar du fått melding om ny fastlege?

Har du fått melding om ny fastlege?

Husa fekk legejobben då den var lyst ut i 2020. Ho har i vinter vore lege ved legekontoret (det som ein tidlegare kalla turnusteneste), og er no ferdig kvalifisert til å vera fastlege. Laila Byrkjeland Husa har ei liste på 800 plassar. Denne er no fylt opp.

Av dei som har Peter Kubon som fastlege, er det mange som hatt fått melding om at dei har fått ny fastlege. Det kjem av at Kubon si pasientliste er redusert.

Dei kommande månadene vil Kubon ikkje jobba kurativt ved legekontoret, altså vil han ikkje ta i mot pasientar. Dei andre legane ved kontoret vil ta hans pasientar i denne perioden.

Om du ønskjer å sjå om det er ledige plassar på lista til den enkelte legen, og eventuelt bytta fastlege eller setta deg på venteliste, så ordnar du dette via den statlege nettsida helsenorge.no. Linken til sida der du skiftar fastlege er https://tjenester.helsenorge.no/bytte-fastlege


Sist oppdatert: 26.02.2021
Publisert: 26.02.2021