HjemNyheterHar du ein slik røykvarslar heime?

Har du ein slik røykvarslar heime?

Røykvarslar

Røykvarslaren til høgre har batteripute for 9-voltsbatteri, med trykknappar som du knepper batteriet fast i (raud ring rundt batteriputen). Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) rår til at ein byttar ut røykvarslarar utan batteripute, som den til venstre. Foto: DSB

Bakgrunnen er at denne typen manglar ei batteripute, som gjer det umogleg å montera batteriet feil. 

Direktoratet har fått meldingar om batteri som er montert feil, noko som kan gje varme- og røykutvikling. Brann i ein røykvarslar er sjølvsagt det siste ein vil ha, i tillegg til at den ikkje vil fungera ved ein brann.

Utrekningar viser at det er rundt 650.000 slike varslarar rundt i norske heimar, og som bør skiftast. Når du først sjekkar brannvarslaren din, kan du kontrollera kor gammal den er, er røykvarslaren 8-10 år gamal er den uansett moden for utskifting. Det er datostempling bak på røykvarslaren. 

Røykvarslar er EE-avfall, som skal leverast til elektrobutikk/forhandlar, eller til gjenvinningsstasjonen.


Sist oppdatert: 07.12.2020
Publisert: 07.12.2020