HjemNyheterGratis sommarferie til barnefamiliar

Gratis sommarferie til barnefamiliar

Kva er «Ferie for alle»:

  • Eit gratis ferietilbod til barnefamiliar med pressa økonomi, som av ulike grunnar ikkje har pengar til ferie- og fritidsopplevingar.
  • Røde Kors har sidan 2001 organisert eit tilbod om gratis ferieopphald for barnefamiliar.
  • I tillegg til ferie skal «Ferie for alle» bidra til sosial deltaking og utvikling, nettverksbygging og inkludering.

Kven er «Ferie for alle» for:

  • Familien har minst eitt barn i barneskulealder, 6-13 år (men eldre og yngre søsken får sjølvsagt vera med).
  • Familiens økonomi har vore svak over tid.
  • Foreldra må kunna forstå og gjera seg forstått på norsk.
  • Familien har budd i Norge i minst 3 år.
  • Familien klarer seg sjølv utan tett fagleg oppfølging.

Korleis er «Ferie for alle» lagt opp:

  • Sommarferien 2022 blir det ferieopphald på Jonatunet i Jondal, på Dyrkolbotn Fjellstove i Alver kommune og på Røde Kors-senteret Merket i Valdres.
  • Familiar som ønskjer å vera med bør være glade i å vera utandørs og å vera aktive, for det er mykje aktivitetar utandørs.
  • Det er lagt opp til aktivitetar for heile familien, med hovudfokus på barn i alderen 6-13 år.
  • Røde Kors dekker felles transport til og frå feriestadane, og overnatting og mat er inkludert.
  • Det er ca. 50 tilgjengelege plassar per leir.

Dette er årets tilbod:

  • Ferieopphald #1: 11. – 15. juli: Jonatunet, Jondal
  • Ferieopphald #2: 15. – 19. juli: Dyrkolbotn Fjellstove, Alver kommune
  • Ferieopphald #3: 18. – 22. juli: Jonatunet, Jondal
  • Ferieopphald #4: 27. – 31. juli: Dyrkolbotn Fjellstove, Alver kommune
  • Ferieopphald #5: 1. – 5. august: Merket, Valdres
  • Ferieopphald #6: 8. – 12. august: Merket, Valdres

Korleis kan ein bli med:

  • Søknaden skal sendast via kommunen, ta kontakt på post@austrheim.kommune.no
  • Kommunen skal søka plass innan fredag 27. mai, så ta kontakt snarast.

Jonatunet, Jondal (11.-15. juli og 18.-22. juli)

  • Midt i Hardanger, mellom Folgefonna og Hardangerfjorden.
  • I gangavstand frå Jonatunet ligg Jondal sentrum med butikkar og kafear, Vikafjøra badestrand med garderobar og badstue, faste grillar og volleyballbane. Det er ei rekkje korte og lengre merka løyper i skog og fjell, fotballbane, klatrevegg, og treningsapparat både ute og inne. Jonatunet har kanoar som kan brukast på Hardangerfjorden.
  • Kjøretid frå Bergen er ca. 2-2,5 time.
  • Alle familiar får eige soverom med hyggeleg, enkel standard. Det er vask på romma, men det er ikkje dusj/toalett på rommet, men det er fleire dusj og toalett rom i alle etasjar.
  • Det er ikkje mogleg å lage mat på romma, men det vil være tilgang på kjøleskap for oppbevaring av egen mat. Dette deles da med andre familiar.
  • Det er fleire opphaldsrom, samt bibliotek, treningsapparat, bordtennisbord og stor hage/park for hygge, lek og ballspel.
  • Det vert lagt opp til aktivitetar som bading på stranda, kanopadling, tur til Bondhusvatnet (om veret er bra), natursti, grilling, ballaktiviteter med meir.
  • Det vert fellesaktivitetar kvar dag, men også fritid/eigentid for familiane.
  • Les meir om Jonatunet her: https://hardangerakademiet.no/jonatunet/

Dyrkolbotn Fjellstove (15.-19. juli og 27.-31. juli)

  • Dyrkolbotn Fjellstove ligg midt mellom Bergen og Sognefjorden, for seg sjølv og uforstyrra av butikkar, kafear og alpinanlegg. Området har variert natur, med fjell, vatn, elver og fossar. Ikkje mogleg å gå til butikk under opphaldet, då næraste daglegvare er 25 kilometer unna.
  • Kjøretid frå Bergen er ca. 1,5 time
  • Til vanlig er Dyrkolbotn leirskule, med stor spisesal og fleire felles opphaldsrom.
  • Alle familiar får eige soverom med hyggeleg, enkel standard. Det er dusj/toalett på alle rom.
  • Det er trapper til fløya der dei fleste soveromma er, noko som er viktig å tenka på for foreldre med små barn,
  • Det finnes internett i fellesområde, men ikkje på romma. Det er også berre Telenor som har mobildekning på staden, slik at Ice/Telia-kundar ikkje har telefondekning.
  • Det er ikkje mogleg å laga mat på romma, men det er tilgang på kjøleskap for oppbevaring av eigen mat.
  • Det er fleire opphaldsrom, biljardbord, bordtennisbord, fotballspel, og fine uteområde.
  • Det vert lagt opp til aktivitetar som bading, kanopadling, gardsbesøk, turar i nærmiljøet, friluftsliv med bål og grilling, ballaktiviteter med meir.
  • Det vert fellesaktivitetar kvar dag, men også fritid/eigentid for familiane.

Merket, Valdres (1.-5. august og 8.-12. august)

  • Merket er eit fjellsenter som ligg i Tisleidalen på fjellet mellom Gol og Fagernes. Staden er avsidesliggande i vakre omgjevnader. Nærmaste daglegvarehandel ligg ca. 30 minuttars gåtur unna.
  • Senteret består av fleire rehabiliterte, sjarmerande bueiningar samla i tun. Bygningane og romma varierer frå meir moderne standard i hovudbygningen, til tunhytter og eldre bygningar med fleirsengsrom og enkel standard.
  • Kjøretid frå Bergen er ca. 6-6,5 time (inkludert pausar undervegs)
  • Familiane vil bu på eige rom eller i eiga hytte, etter kor stor familien er. Hyttene har eige tekjøkken og romma har tilgang til tekjøkken i fellesstove.
  • Det er TV i fleire av fellesromma, men det er ikkje radio/TV på rom/hytter. Det er også eit vaskerom med vaskemaskin og tørkemoglegheiter. Senteret har kiosk med enkle kioskvarer i resepsjonen.
  • Det er internett i fellesområda, men ikkje på de fleste rom/hytter.
  • Det vert lagt opp til aktivitetar som klatring, bading i elva, padling, båttur, natursti, vikingpark, pil og bue, samarbeidsaktiviteter med meir.
  • Det vert fellesaktivitetar kvar dag, men også fritid/eigentid for familiane.

Sist oppdatert: 20.05.2022
Publisert: 20.05.2022